Valdres Ost Bufar 320g 320g

Handlaga ost av stølsmjølk.
Valdres Ost Bufar 320g 320g
Lokalmat.no
320 g

Bufarost er ein fast ost som er ysta for hand av heilmjølk frå glade kyr på stølsbeite i fjellet. Eigenskapane til stølsmjølka frå Valdres er så spesielle at det har vorte skrive ein egen doktorgrad om ho, og samansetninga av mjølka gjer at osten vært i særklasse. Før i tida vart buskapen flytta heim frå stølen på bufardagen. Før dei fòr, ysta dei ein ost av den siste mjølka som dei kalla bufarost. Dei hadde ikkje tid til å skilje fløyta frå skummamjølka den siste dagen på stølen, noko som førte til ein heilfeit ost laga på heilmjølk. Og slik lagar vi Bufarost i dag; av heilmjølk frå fjellbeite om sommaren. Bufarosten har av den grunn ein fin gul farge og ein fyldig rund smak. Osten vart i gamal tid modna i kjellaren heime på garden og vart tatt fram til jul, juleselskap eller gjestebod som ein ekstra gjev ost. Bufar® vart premiert med gull under World Cheese Awards 2018 og fikk 3 stjerner i Great Taste 2021.