Brennesle er av gamalt rekna som ein styrkande urt som var bra for blodet og med god verknad mot leddsmerter. Osten vår er handlaga av heilmjølk frå gardar i Valdres. Osten er skore frå ostehjul som er lagra på trehyller i minimum 3 månader. Det går fint an å skive osten med ostehøvel, skjere han i terningar eller stavar, eller rive han opp for å strø på maten - alt ettersom kva du vil nytte han til.